Sonett 88: Naar Du So Langt Er Komen, At Med Spott
Naar du so langt er komen, at med Spott
du syner helst, kor laak og ring eg er,
so vitnar eg: ditt Svikarverk er godt;
til Strid mot meg mitt Sverd til Hjelp du fær.
Mi eigi Umegd best eg kjenna skulde,
di kann eg stydja til med mangt eit Ord
um Brest og Veilor som i meg er dulde,
so du ved Tap av meg vinn Heider stor.
Og dermed ogso sjølv eg vinna maa:
kvar kjærleg Tanke strøymer deg imot,
dei stygge Saar, som eg meg sjølv kann slaa
til Gagn fyr deg, vert meg til Helsebot.
So er min Hug, so er min Elsk til deg,
kann du faa Rett, eg tek alt rangt paa meg.