Sonett 87: Far Vel! Du Er For Dyr Ein Skatt Fyr Meg
Far vel! Du er for dyr ein Skatt fyr meg,
og at ditt Verd er stort, du visst veit av;
di gjeng du byrg og fri din eigen Veg;
no hev eg ei paa deg det minste Krav.
Som Gaava berre fekk eg fast deg halda.
Hev eg fortent aa eiga denne Skatt?
Eg vantar alt som kunde Gaava valda,
so gjeng min Rett paa deg tilbake att.
Du sjΓΈlv deg gav; ditt Verd du daa ei kjende,
kann henda og av meg i Miss du tok;
di Gaava, gjevi ved eit Mistaks Hende,
kjem atter heim og gjer deg var og klok.
So rik ein Draum: eg aatte deg med rette!
I Svevn ein Konung, vaken inkje vetta.