lovrary

Sonett 76: Kvi Er Min Song So Arm Paa Nye Drag

Kvi er min Song so arm paa nye Drag, so fri fyr Brigde i sin jamne Ring? Kvi hev han ikkje dette nye Lag med skifterike Bragd og framand Sving? Kvi skriv eg alltid i den same Veg og giv min Tanke gamall Bunad stรธdt, so mest kvart Ord dimeir fortel um meg, og segjer berrleg, kvar det fyrr er mรธtt? Aa, dyre Elsk, um deg, um deg eg skriv, du er min fyrste og min sidste Song; det beste som eg veit, min Elsk eg giv, eg gav det fyrr, eg giv det kvar ein Gong. Som gamle Soli ny kvar Morgon renn, so syng min Elsk sin gamle Song igjen.