lovrary

Sonett 73: Det Aarsens Bil Du No I Meg Kann Sjaa

Det Aarsens Bil du no i meg kann sjaa, daa sidste gule Lauvet fell aat Jord, og Kvist og Greiner nakne kulsa maa, dei som var Songhall nyst aat Fuglekor. I meg du denne skume Kvelding ser, som svæver solbjart Dag, og so gjeng ut, naar svarte Natt sitt fulle Velde fær, som Dauden sjølv, med Kvild aat alt til Slut. I meg du ser den sidste dimme Glod av denne Brand paa Ungdoms Oskegrav, som ligg og talmast lenge, sloknar so, og døyr i det, som Liv og Nøring gav. Din Elsk vert større, naar du so meg ser, og djupast no, det snart aat Avskil ber.