lovrary

Sonett 65: Naar Malm Og Stein Og Jord Og Veldugt Hav

Naar Malm og Stein og Jord og veldugt Hav lyt vægja fyr den sigervisse Tid, kor kann daa Vænleik traassa Daud og Grav, ein vesall Blome berre bljug og blid? Aa, sæle Sumar med din søte Ange, kor kann du halda ut naar Stormen slær, naar endaa Berg, som stod i Aldrar mange, og fjellsterk Staalport Mein av Tidi fær? Kaldlege Tanke! Kvar finn beste Skatt, som Tidi eig, fyr sjølve Tidi Gøymsla? Kven er so sterk, han hennar Gang held att, og friar Vænleik fyre Daud og Gløymsla? Aa, ingen, um eit Under ei seg tér, i svarte Blekk, min Elsk, du liva fær.