Sonett 60: Som Bylgjor Sund Mot Nakne Berg Seg Slaa
Som Bylgjor sund mot nakne Berg seg slaa,
so gjeng mot visse Ende kvar vaar Dag;
ein etter hin i Rad dei fylgja maa
fram mot sitt Maal i stødt og stendigt Jag.
Vonrike Barndom, ljos og sæl og sterk,
med Tidi naar i Manndoms Sigerkrans;
daa skipla myrke Skyer all den Glans,
og Tidi øyder sjølv sitt Fagnaverk.
Med Ungdoms Fegra Tidi hardhendt fer,
dei fine Andlit stygge Rukkor faa;
det beste Livet gav, ho sunder skjer,
der finst 'kje Livd fyr hennar lange Ljaa.
Men Songen min skal standa denne Strid,
di Dygd han lova skal til seinste Tid.