Sonett 19: Traasøkne Tid, Gjer Løveklørne Spake
Traasøkne Tid, gjer Løveklørne spake,
lat Jordi tæra kvar den Skatt ho gav;
rykk kvasse Tann or stolte Tigers Kjake,
lat Føniks ein Gong døy i glodheit Grav;
lat Sorg og Fagnad skifta paa di Ferd,
snarføtte Tid; som sjølv du vil, far aat
med Verdi vid og hennar Ugagnsgjerd.
Men eitt forbyd eg deg som Heilagbrot:
Aa, lat 'kje dine Timar setja Far
i fagre Ven mins Andlit; kor du fer,
fyr dine Runeteikn du honom spar,
so Tid som kjem fær sjaa kva Vænleik er.
Nei, gamle Tid! gjer du din Skyldnad tung,
i mine Vers er Ven min evig ung.